Del |

Kompaniskap i Skakkesenter

Ingress-Artikkle: 

Kompakt og innhaldsrikt, og ikkje utan utfordringar når eit samfunnshus frå 70-talet skal bli til eit moderne fleirbrukshus. 

Skakkesenteret i vestlandsbygda Etne heilt sør i Hordaland er i innspurten. Det er eit senter for skule, idrett og kultur.

— Det er utfordrande å byggje inntil ein eksisterande bygning, og treffe nivået til den gamle. Med eit frittståande bygg hadde det nok blitt litt andre løysingar og nivå på nybygget, fortel prosjektleiar Kjell Ekornrud.
Han arbeider for det rådgivande ingeniørfirmaet Procon AS.
— Men for all del, resultatet blir bra, legg han til.
Ein svært så oppegåande kino i det gamle kulturhuset frå 1976, er ein vesentleg grunn til at det vart slik.

Innhaldsrikt
Eit spleiselag på 91 millionar kroner gir langt meir enn ein moderne idrettshall som var utgangspunktet. Bibliotek, kafé, ein fløy for vidaregåande skule, lokalhistorisk arkiv, ein liten kinosal som også kan fungere som auditorium, lagerlokale for ein marknad, og eit trimrom.

Det kjem i tillegg til det store arealsluket i nybygget, ein idrettshall på totalt 2.620 kvadratmeter med garderobar.
Heile nybygget er på 6.000 kvadratmeter fordelt på tre plan. Etne vidaregåande skule disponerer rundt 1.000 kvadratmeter, biblioteket blir 560 og fellesarealet 1.400 kvadratmeter med vestibyle og teknisk rom. I tillegg er det eit areal på om lag 400 kvadratmeter.
Spleiselaget i Skakkesenteret består av Etne Kulturhus BA, Hordaland fylkeskommune og Etne kommune som eig kvar sine seksjonar. For ein kommune med under fire tusen innbyggjarar er senteret eit løft det tok tid å bestemme seg for.

To hovudinngangar
Bygningen har to hovudinngangar med glasfront over som gjer dei litt like, og som kvar for seg mjuknar opp i betongen. Men det er først og fremst av praktiske årsaker bygget har fått to hovudinngangar som er på to ulike plannivå.
Skakkesenteret ligg mellom to vegar, med idrettsanlegg på den eine sida, og barne- og ungdomsskule på den andre. Difor er det god logistikk med to hovudinngangar.
Mellom inngangane er det vestibyle, med blant anna kafé og resepsjon, og med eit amfi ned til det lågaste planet. Det blir lagt parkett i amfiet, og fliser i trappa langs den eine sida.
Amfiet i vestibylen vart viktig, ikkje minst fordi det skal vere skuleelevar i huset.
Det er gjennomgåande lys mellom inngangane, og visuelt blir dei bundne saman ved at materialvalet ute og inne er det same langs vegger og tak.

Mange flater
— Frå vestibylen kan du kome direkte til kvar funksjon i bygget. Slik var det ikkje i det første utkastet, og denne løysinga fungerer godt. Det er også årsaka til at det er blitt eit såpass komprimert bygg, seier Kjell Ekornrud.
Bygget har av den grunn mange takflater og overgangar.
— Utfordinga er å få det tett og hundre prosent, legg han til.
Bygningsmessig karakteriserer han det elles som tradisjonelt i stål og betong.
Betongklossen frå 70-talet er ein funksjonell mastodont. Visst er det betong i nybygget også, men store vindaugsflater gir eit heilt anna preg.

Løpebane under biblioteket
Ved biblioteket kan du sjå inn og ned på ein klatrevegg. Den strekkjer seg opp mot eit takvindauge som eit fjell mot himmelen. Lyst og lett og med kontakt med elementa ute.
Her manglar det berre ei sperre som skal hindre at barn skal kunne springe rett i veggen og starte klatringa. Dei første gravemaskinene var på plass i april 2010, og det meste skal vere klart i desember. Godkjenning av bygget blir truleg ferdig i januar, og deretter kan brukarane erobre det.
Idrettshallen er så å seie ferdig. Den har mange store dører med tanke på annan bruk enn idrett.
— Tanken er at vi skal bruke røyklukene i taket til å lufte ut gjennom. Vi fekk ei utfordring med løpebanen der vi måtte forlenge med løpetunnel under biblioteket og vidare ut mot vegen. Difor måtte vi lage ein spuntvegg av stål mot vegen, forklarer Ekornrud.

Varme gjennom vatn
Løpebanen er 60 meter, med litt å gå på i startområdet, pluss 15 meter ekstra å stoppe på. Heile dekket i idrettshallen skal tole piggsko, og toppdekket er på 4 millimeter, mot vanlegvis 2, med 10 millimeter gummi under.
Idrettshallen er med sine 30x60 meter litt større enn tradisjonelle mål for ei handballbane. Ein hall med vidt spenn kan også kome godt med sidan den vidaregåande skulen har ei idrettslinje på beddinga.
Nybygget får mange nye kubikkmeter luft å varme opp, og prosjektleiaren meiner det blir eit energiøkonomisk bygg.
— Bygget har luft til vatn varmepumper, med vassboren varme i golv og radiatorar. Her er ingen olje eller gass. Varmepumpene får temperert luft frå ventilasjonsanlegget slik at det blir gjenvinning av energi. Pumpene fungerer betre på den måten, legg han til.
Bygget har fire ventilasjonsanlegg plassert i det tekniske rommet, og varmepumpene skal stå i eit eige utvendig bygg i betong.

Litt oppgradering
Ikkje få har meiningar om eit så sentralt bygg for bygda, og Ekornrud møter mange ønske om oppgradering av det gamle kulturhuset som går i kompaniskap med det nye. Men prosjektleiaren og utbyggjarane har ei økonomisk ramme som står fast.
Nytt ventilasjonsanlegg blir det i alle fall, pluss ein heis ved ein ny inngang som blir skore ut i den gamle bygningen, for å kunne laste inn utstyr til forskjellige formål til den eksisterande scenen.
Kvifor Skakkesenteret? Det har ingenting med at bygget ikkje er i vater, men med kongehistorie i bygda, ein mann med fornamnet Erling.

Prosjektleder Procon har dessverre ikke villet utlevere all informasjon om involverte i prosjektet, derfor er listen noe mangelfull.

Utførende og leverandører:
Tiltakshaver: Etne Kulturhus BA
Hovedentreprenør: GL Prosjektservice AS
Grunnarbeider: Skånevikstrand Maskinstasjon AS
Veggelement: Finnøy Betong AS
Dekkeelement: Spenncon AS
Stålarbeider: Maritime Contracting Etne AS
Tømmer og innredningsarbeider: Haakull & Ersland AS
Blikkenslager: Spanne Blikk
Glass- og Aluminiumsarbeider: Rubicon AS
Metallarbeider: Hamre AS
Himlingsarbeider: VHG Innredninger AS
Møbler/inventar: Sterling AS
Møbler/inventar: Pitney Bowes Norge AS
Kjøkken/rengjøringsmaskiner: Klovning Storkjøkken
Fast inventar: Treprosjekt AS
Taktekking: Nygård Tak AS
Maling og flisarbeiderNST AS
Rørleggerarbeid: Johansen Rør AS
Elektroarbeid: Helgevold Elektro AS
Ventilasjonsarbeid: Haugesund Ventilasjons service AS

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Alle artikler

Aleksandar Birovljev i Radonlab reagerer kraftig på uttalelser fra den gjenvalgte styrelederen i Norsk Radonforening.

AF Gruppen har fått en kontrakt med Statoil på vegne av Gassco som operatør, om riving og gjenvinning av stigerørsplattformen B-11. Avtalen er verdt ca 500 millioner eks.mva.

Vi energimerker boliger og yrkesbygg som aldri før. Andre uke i mai ble det utstedt 450 attester daglig, til sammen 3.140 energiattester. Det er ny rekord.  

NCC Construction Norge har fått kontrakten for bygging av strekningen Homstvedt-Melleby på nye E18 i Østfold. Kontrakten er verdt 389 millioner kroner.

Sammen med en rekke andre organisasjoner deltok BNL på Stortingets Energi- og miljøkomités høring om Klimameldingen 14. mai.